Toppturhelg i ville Jotunheimen med gourmetmat
Fra 6 550 NOK Per gjestMed frisk fjelluft, vidt utsyn, god heimelaga mat og mjuke senger ynskjer vi velkomne til fjells og Brimi Fjellstugu. Opplev Brimiland med vinterdrakta på, 880 moh i nordenden av Tessevatnet i Lom kommune. Jotunheimen sine stolte toppar lokkar som naboar i vest, og lovar fjellglede og opplevingar du seint vil gløyme.
PROGRAM 01-03 mai
Fredag
Fredagskvelden tek vi imot deg med eit kveldsbord dekt til randen av gode lokale smakar av både fisk og vilt. Alt er sjølvsagt heimelaga. Vi kallar det kveldsmat, men andre ville nok heller brukt uttrykket festbord. Med peisen sprakande i bakgrunnen ynskjer vi god helg. Når magane er gode og mette, samlar vi flokken og tek ein prat om helga og turen over ein kopp varm kakao. Morgondagens turguide helsar på!
Laurdag
Etter frukost og nistesmøring, pakker vi bilane og stikk til nabofjella som skiltar med dei høgaste toppane. Dette blir ein skitur fortrinnsvis på randonneéski. Turen går dit føret er best, og forhalda trygge. Vi lovar lokalkjent guide, flott utsikt om vêret tillet, og ein tur som passar moderat trena folk. Målet er sjølvsagt ein eller fleire av toppane over 2000 meter som lokkar på oss. Tempoet blir tilpassa gruppa, med formidling av lokalkunnskap i høgsetet.
Vel heime frå tur, legg vi opp til litt avslapping på rommet eller du kan besøke vårt nye badstueanlegg. Les meir her:
https://brimi-fjellstugu.brimiland.no/opplevingar/
før du til kvelds kan rusle ned i restauranten der middagen ventar framfor peisen. Ein 5-rettars meny, tufta på gode råvarer – gjerne lokale. God tid til lange gode samtaler, latter og kanskje litt ettertanke. Med slitne lår og heite kinn kan du nyte god heimelaga mat, kanskje saman med ei passande vinpakke, eller noko anna godt i glaset.
Sundag
Sundag morgon serverar vi ein lang og god frukost før det er tid for heimreise.
Dette passar alle som er turglade og likar høgfjellet. Dette er ikkje ein nybyrjartur, så noko erfaring kjem godt med.
Kom og nyt Jotunheimen saman med vener, kjærasten eller gode kollegaer.
Pakken inkluderer
Du er kanskje også interessert i
Sommaren 2025
Fra 1 350 NOK Per gjest per natt
Hausthelg med bållunsj til Steinbua
Fra 8 200 NOK Per gjest
Skogskoie
Fra 1 000 NOK For 1 natt
Sæterliv, lun fjellstugu-atmosfære og bållunsj
Fra 6 100 NOK Per gjest
Steinbuhelg midt i veka
Fra 8 200 NOK Per gjest
Helg med utelunsj i BrimiSkogen
Fra 8 200 NOK Per gjest
Matkurs med Arne Brimi
Fra 8 350 NOK Per gjest
Eksklusiv Brimi-helg med gode matopplevingar
Fra 9 550 NOK Per gjest
Adventshelg
Fra 8 650 NOK Per gjest
Vianvang & Brimi Fjellstugu, 24t i Brimiland
Fra 4 350 NOK Per gjest