Bestillingsmeny

Valgt tilbud: Huskyeventyr i Jotunheimen | Vinterpakke 2 netter

Du har ikke valgt noen datoer ennå

  Vis alle pakker

Huskyeventyr i Jotunheimen | Vinterpakke 2 netter

Fra 4 200 NOK

Per gjest

 

Lyst til å starte vinteren på eventyrleg vis?

 

Opplev ei ekte vinterhelg i Jotunheimen og fjellbygda Vågå med stemningsfull hundekjøring i høgfjellet og masse meistringsglede. Gode måltid med heimelaga mat, og kvile i mjuke senger i dei nyoppussa leiligheitene våre på Jotunheimen Husky Lodge.

 

Ankomstkveld fredag:

 

Huskyvert Øyvind ynskjer velkomen i tunet på Jotunheimen Husky Lodge, viser dykk romma og byr på heimelaga reinsgryte frå Jotunheimen. Eit flott høve til å bli kjend med verten, gruppa og opplegget for helga.

 

Laurdag:

 

Lag din eigen fjellfrukost på fullt utstyrt kjøken i leiligheta. Gode og mette møtest vi i hundegarden kl 9:30, helser på dei tillitsfulle hundane og seler opp sleden. Hundekøyringa går med trygg guide i front, men sleden får du styre heilt sjølv i lag med din eigen makker. Undervegs på sledeturen stanar vi for varm lunsj servert av huskyvert Øyvind, krinsa av trolsk fjellfuru og høge fjell. Heile seks timar er vi på tur i heimen til jotnene. Vel attende på lodgen ventar herleg varm dusj og ein liten strekk før vi set oss i privatbilar og køyrer ned i den stemningsfulle fjellbygda Vågå og Bokhandel'n Bakeri & Mathus. Her et vi ein nydeleg treretters middag tufta på lokale råvarer og tradisjonar. Utover kvelden held bartender Joakim baren open og fyr på peisen. Kvelden og helga byr på god tid til lange samtaler, latter og kanskje litt ettertanke. Full av nye minner og med heite kinn kan nyte god heimelaga mat tufta på lokale råvarer.

 

Sundag formiddag:

 

Etter frukost og utsjekk står du fritt til å fylle dagen med aktivitetar frå øvste fjellhylle. I hundegarden er dine nye turkompisar henrykte for selskap, og fem minutt unna finn du Lemonsjøen med herleg alpinanlegg og milevis med preparerte langrennsløyper. Vi tilrår å køyre vakre Heidalen heimover, så får du eit siste påfyll av levande kulturarv før møtet med kvardagen.

 

Vil du vere med på vintereventyret, så heng på - kun 12 plassar!

 

Gyldige dager for ankomst: fre.

 

Pakken inkluderer

  Treretters middag
  Middagsgryte i grillhytta
  Varm lunsj
  Hundekjøring | Dagstur 6 timer
  Sengetøy/håndkle
  Overnatting

 

Du er kanskje også interessert i

Bestill pakker og tilbud

Endre søk
Lukk
Kalenderen viser tilgjengelige ankomstdager for Huskyeventyr i Jotunheimen | Vinterpakke 2 netter . Velg ankomstdag nedenfor eller se flere datoer og andre tilbud
Ankomst:
Antall enheter og gjester: