Bestillingsmeny
Norsk Norsk

Valgt tilbud: EL sykkelhelg 17-19 juni

Du har ikke valgt noen datoer ennå

  Vis alle pakker

EL sykkelhelg 17-19 juni

Fra 4 800 NOK

Per gjest

 

Opplev ei ekte bygdehelg med frisk fjelluft på elsyklar, god heimelaga mat på restaurant Andre Etasje og sov i mjuke senger på eit av dei unike romma på vårt eige boutiquehotell Sov Lodge. Alt dette i den eventyrlege bygda Vågå mot grensa til sjølvaste Jotunheimen.

 

Ankomst fredag:

Fredagskvelden får du oppleva den unike atmosfæra på restaurant Andre Etasje. Her har draumar, godt vennskap og målarglede forvandla ein gamal bolig til restaurant. Tufta på gjenbruk, krydra med ein moderne stil og sydd saman med interesse for interiør og gjenbruk. Med ei stemning "Der tida står stille", blir du servert ein 4-rettars langmeny med sesongens beste råvarer. Gled deg!

www.andreetasje.no

 

Laurdag:

Etter frokost blir du plukka opp utenfor Lodgen og skyssa til fjells, nærare bestemt Lemonsjøen. Her står el-syklar og ventar på å ta deg over fjellet mot Tesse og Brimiland. På idylliske grusveger og stiger ligg forhalda tilrette for storslåtte naturopplevingar. Med eigen lokal guide får du oppleva ein dag på sykkelsetet du seint vil gløyme. Vi anbefalar sykkelbukse og tynne hanskar!

 

 

Bållunsj med sjølvaste Arne Brimi

Etter ei mil på dei elektriske jernhestane på grusveg og stig, blir vi motteke av Arne Brimi ved bålet i Brimiland. Her blir det servert 3 rettar frå bålet saman med ei mengd gode historier. Vel mette går turen ned att mot bygda, før vi parkerer syklane rett utanfor Sov Lodge.

Eit minne for livet!

 

 

Litt avslapping på Lodgen før du til kvelds kan rusle ned i tømmerstua der middagen ventar på langbordet framfor peisen. God tid til lange gode samtaler, latter og kanskje litt ettertanke. Slitne lår og heite kinn kan nyte god heimelaga mat tufta på lokale råvarer.

Takk for i dag, sov godt og vel heim i morgon!

 

Kun 20 plassar!

 

Pakkelengde: Fra 2 dager
Gyldige dager for ankomst: fre.

 

Pakken inkluderer

  Frokostbuffét
  Utelunsj
  Leie av elsykkel
  4-retters meny Andre Etasje
  4-retters meny SOV
  Transport
  Kjentmann // guide

Bestill pakker og tilbud

Endre søk
Lukk
Kalenderen viser tilgjengelige ankomstdager for EL sykkelhelg 17-19 juni . Velg ankomstdag nedenfor eller se flere datoer og andre tilbud
Ankomst:
Antall rom og gjester: